page view image

Matkurs: Tradisjonsbakst - Flatbrød

Endelig eit kurs med norsk tradisjonsbakst!
Først ut: FLATBRØD

Information
event image

Mandag 11 mai er det duka for eit heilt nytt kurs i Rogagaten 26:

Bli med på litt norsk tradisjonsbakst!


Vi skal lage ekte flatbrød frå grunnen av, lære om bruk av steiketakke, kva kjevler som er best, kva som gjer ei skikkelig god deig og kva er egentlig ein bakstefløy?  

Med på laget har Anne Lill invitert med Kristin Glück-Evensen, også kjent med “Kristins kjøkken” og som “Gammalostbudeia”. Kristin er utdanna lokalmat-tekniker og er levande engasjert i norske mattradisjonar. Hennar lidenskap ligg først og fremst i mjølkeforedling og tradisjonsbakst, og ho har gjennom fleire år jobba med både formidling og servering av mat tufta på norske mattradisjonar ispedd ein deilig dose innovasjon. Matkultur er for Kristin både fortid og framtid, helst i skjønn foreining!


Dato: Mandag 11.mai

Stad: Støvå PopUp i Rogagaten 26

Pris: 1250 kr per person

Tid: 18.00 - 21.00

Maks 12 deltakarar


Unik mulighet til å lære å lage dine egne flatbrød før 17 mai! 

Vi tar i bruk ei lokal oppskrift frå Hardanger som Kristin har full kontroll på. Det vil bli gjennomgang av kjevlebruk, emnelaging og ulike tradisjonar innan takkebakst og flatbrødbaking

Du vert oppfordra til å ta med eiga kjevle, då dette er ein gyllen mulighet til å bli vant med den og evt få tips til justeringar om det trengs. Ellers så har vi og til utlån om nødvendig.

Anne Lill skal lage til litt ulike smaksprøver som vi nyter undervegs med inspirasjon til unik bruk av flatbrød både til kvardags og fest, samt fikse noko deilig lokal drikke <3


Kurset inkluderar: 

  • Alle råvarer

  • Veileiing, oppskrifter og tips 

  • Lån av forkle og utstyr 

  • Sprudlende alkoholfri drikke 

  • Inspirerande smaksprøver laga til av Anne Lill 

  • Flattbrødet dykk lagar blir med heim



FAQ:

Kven passar kurset for?
Alle som liker flatbrød og som er interessert i å lære litt meir om norsktradisjonsbakst og bruk av steiketakke

Treng eg forkunnskapar?
Nei. Kurset passar både nybyrjarar og vidarekomne.

Kva lærer eg?
Du lærer å lage eit godt flatbrød frå a-å; frå deig til ferdig produkt. I tillegg vert det god innføring i utstyret, praktisk bruk og tips til korleis få dette til på best muleg vis heime.

Er råvarer og utstyr inkludert?
Vi oppfordrer alle å ta med eiga kjevle, fløy og forkle om ein har, men vi har tilgjengelig til låns om det trengs. Dette er fordi ein då skal lære seg å bruke eige utstyr om mulig, sidan kvar kjevle feks. kan oppføre seg litt ulikt. Alt av råvarer er inkludert.

Får eg mat heim?
Ja, du får med deg flatbrødet du har baka sjølv.

Kor mange deltakarar er det?
Maks 12 – for god flyt og personleg rettleiing.


stenematglede matkurs kokkekurs bergen tradisjonsmat baking

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikkje.