© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Gløym ferdigpakka pålegg – denne kvelden fyller vi bordet med heimelaga godsaker!
Bli med på ein sosial og smakfull kveld hos Stene Matglede, der vi går laus på noko av det aller kjekkaste med jula; ein stor og bungnande felles frokost med det lekraste pålegget:-) Og pålegget du har laga sjølv er jo aller best!
Vi skal sylte, røre, smake og lage fleire ulike typar pålegg heilt frå grunnen av. Det blir mellom anna heimelaga leverpostei, tomatsild, sylta agurk, bønnetapenade og varmrøyking av fisk – pluss fleire små godsaker og masse tips du kan ta med deg vidare på ditt eige kjøkken.
Og sidan vi nærmar oss jul, passar timinga ganske perfekt: Målet er at du skal gå heim med både oppskrifter, inspirasjon og kunnskap til å gjere julefrukosten litt ekstra digg i år.
Dette er eit deltakande kokkekurs, så her skal du ikkje berre stå og sjå på. Vi lagar maten saman, smakar undervegs og snakkar om råvarer, teknikkar, variasjonar og korleis du enkelt kan lage skikkeleg godt pålegg sjølv.
Og sjølvsagt får du med deg eit utval av godsakene heim!
Dato: mandag 30. november
Stad: Støvå PopUp, Rogagaten 26
Tid: 17.00 – ca. 21.00
Pris: 1850 kr per person
Maks: 8 deltakarar
Kurset foregår på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.
Kom svolten på både mat og kunnskap – og gå heim klar for å imponere rundt julefrukostbordet!