Matkurs: Villmatkurs med sanking og primus
Har du lyst til å lage meir mat ute og lære meir om kva ville planter som er spiselige?
Sanketur & matkurs langs Løvstien – lag mat ute i naturen
Bli med på ein smakfull kveld ute i naturen!
Saman med Stene Matglede inviterer Anne Lill deg med på ei oppleving der du lærer å finne, forstå og bruke spiselige ville vekster – og lage fantastisk mat ute i det fri.
Dette får du oppleve:
Vi startar med ein guida sanketur langs Løvstien (retning Melkeplassen), der du lærer:
– Kva som er trygt å sanke
– Korleis kjenne igjen dei beste vekstene
– Kva dei kan brukast til
Deretter tek vi med oss fangsten vidare til ein gapahuk – og lagar smårettar ute på primus/stormkjøkken
Anne Lill deler av sin erfaring frå restaurantbransjen, og viser korleis “ugras” kan bli til noko heilt unikt på tallerkenen.
Dette lærer du:
– Grunnleggjande sanking av ville vekster
– Bruk av primus/stormkjøkken
– Enkle og smakfulle rettar du kan lage ute
– Tips du kan ta med deg vidare på eigne turar
📍 Praktisk info:
– Onsdag 13.mai
– Tid: kl. 17:00–20:00
– Varighet: ca. 3 timar
– Oppmøte: Rogagaten 26, Stene Matglede sine lokal
– Pris: 1100 kr
– Maks: 15 plassar
Ta med:
Har du eige stormkjøkken/primus? Ta det med!
Du får rettleiing på ditt eige utstyr 🙌
(Men vi har utstyr til alle – så det er ikkje nødvendig)
Kle deg etter veret og ta med noko du kan sanke vekster i dersom du vil ta med noko heim:-)
Kurset inkluderer:
– Råvarer
– Utstyr
– Oppskrifter
– Personleg rettleiing
FAQ
Må eg ha erfaring frå før?
Nei! Dette er eit lavterskel kurs – perfekt for nybegynnarar.
Kva om eg ikkje har stormkjøkken?
Ingen problem – vi deler på utstyret vi har.
Kva slags mat lagar vi?
Småretter basert på det vi sankar – enkelt, smakfullt og inspirerande.
Kva kle bør eg ha?
Kle deg etter veret – vi er ute heile tida.
Er dette berre for spesielt interesserte?
Nei – dette passar for alle som er nysgjerrige på natur, mat og nye opplevingar.
Sikre deg plass i dag – det er kun 15 plassar!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes ikkje.