Matkurs: Soppdyrking med Hella Sopperi og Stene Matglede okt 26

Lær å dyrke din eigen gourmetsopp – og få inspirasjon til korleis du kan bruke den på kjøkkenet!

page view image
Dátum podujatia

Štvrtok 15 Okt 2026 18:00

Končí Štvrtok 15 Okt 2026 20:00
objednať

Dostupné položky

Vaksen
event image

Informácie o podujatí

Nybegynnarkurs i dyrking av østerssopp med Erlend og Helene frå Hella Sopperi og Anne Lill frå Stene Matglede.


Kan ein verkeleg dyrke matsopp heime? Ja! På dette kurset lærer du korleis du enkelt kan dyrke din eigen østerssopp utan dyrt eller avansert utstyr.

Gjennom ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid får du lage din eigen dyrkepose som du tek med heim. Du kan velje mellom blå eller rosa østerssopp, og etter kurset vil du ha kunnskapen du treng for å dyrke sopp til eige bruk.


Men dette er meir enn eit dyrkekurs.


Anne Lill frå Stene Matglede deler tips og idéar til korleis du kan bruke soppen på kjøkkenet, frå enkle kvardagsrettar til smakfulle smårettar. Undervegs blir det servert smaksprøver som viser kor allsidig og god østerssopp kan vere.


Program for kurset

  • Litt om Hella Sopperi
  • Introduksjon til soppdyrking og dyrkeprosessen
  • Praktisk dyrking del 1
  • Smaksprøver og prat om bruk av østerssopp i matlaging
  • Praktisk dyrking del 2
  • Korleis passe på soppen heime
  • Tips til vidare dyrking og utstyr


Kurset varer ca. 2 timar

  • Maks 15 personar
  • Kl. 18–20
  • 1100 kr per person

 

Kurset inkluderer

  • Dyrkepose med valfri blå eller rosa østerssopp
  • Råvarer og utstyr som trengst
  • Rettleiing frå Hella Sopperi
  • Tips til bruk og tilbereding frå Stene Matglede
  • Smaksprøver laga med sopp frå Hella Sopper
  • Dyrkepose som kan gi om lag 1 kg sopp


Dette kurset kombinerer praktisk soppdyrking med matfagleg inspirasjon, slik at du både lærer å dyrke soppen og får idéar til korleis du kan nyte den når den er klar til hausting :-) 

Vyhlásenie

Kjøpte billetter refunderes ikkje.

Štítky

stenematglede
matkurs
kokkekurs
bergen
soppkurs
soppdyrking
Organizátor
Stene Matglede