Hjälp
© TicketCo AS 2026.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Dette er ikkje eit vanleg vegetarkurs. Her møter norske sesongråvarer og spiselige ville vekster inspirasjon frå tapas og meze, og DU lærer å bygge vegetarrettar som er
- mettande
- balanserte
- vakre
- og fulle av smak
I tillegg til å lage maten, får du ei enkel og praktisk innføring i korleis du kan bruke protein, fiber, fargar og tekstur til å skape skikkeleg gode rettar, også heime hos deg sjølv!
Vi jobbar mellom anna med grill, omn og røykeomn, og lagar alt frå freshe salatar til varme, saftige rettar.
Kurset inkluderar:
Råvarer og oppskrifter
Veiledning og tips frå meg, Anne Lill
Lån av forkle og alt nødvendig utstyr
Felles måltid med alt vi har laga
Restar til å ta med heim – ta gjerne med eigne boksar
Praktisk info:
Må eg vere vegetarianar for å delta?
Nei! Dei fleste som kjem er heilt vanlege folk som berre vil bruke meir grønsaker i kvardagen.
Får eg med oppskrifter?
Ja – du får alle oppskriftene på rettane vi lagar.
Blir eg mett?
Ja. Kurset er bygd rundt proteinrike og fiberrike råvarer som gjer at vegetarmat mettar skikkeleg.
Er dette meir kurs eller meir kosekveld?
Begge delar. Du får både lage mykje mat, ete saman – og lære nok til å ta med deg nye ferdigheiter heim.