Matkurs: Fiskesuppe frå A-Å
Frå heil fisk til filet, kraft og rykande god fiskesuppe!
Har du lyst til å bli tryggare på å bruke heil fisk – og endeleg lære deg å filetere sjølv?
På dette kurset startar vi med sjølve råvara og jobbar oss gjennom heile prosessen: frå heil fisk til fine filetar, heimelaga fiskekraft og til slutt ei skikkeleg god fiskesuppe.
Du får din eigen fisk å bryne deg på og lærer korleis du fileterer han sjølv. Og når filetane er skorne ut, er vi slett ikkje ferdige! Bein og avskjer er nemleg starten på noko av det beste vi kan lage på kjøkkenet: vår eigen fiskekraft.
Vi kokar kraft frå grunnen av, snakkar om korleis du får fram mykje smak på kort tid – og ikkje minst korleis du kan utnytte meir av fisken i staden for å la gode råvarer gå til spille.
Så er det tid for fiskesuppe!
Med den gode krafta som utgangspunkt lagar vi ei fargerik, fyldig og smakfull fiskesuppe som vi sjølvsagt samlar oss rundt bordet og nyt saman.
Praktisk info:
Varigheit: ca. 3 timar
Pris: 1850 kr per person
Maks: 8 deltakarar
Stad: Støvå PopUp / Stene Matglede, Rogagaten 26, Bergen
Nivå: Du treng ingen forkunnskapar
Og ja – du får med deg både filetert fisk og eigen fiskekraft heim!
Dermed går du ikkje berre heim med nye teknikkar og oppskrifter, men også med eit skikkeleg godt utgangspunkt for neste fiskemiddag.
På kurset lærer du mellom anna:
– Korleis du fileterer heil fisk
– Kva du kan bruke dei ulike delane av fisken til
– Å koke god fiskekraft frå grunnen av
– Korleis du bygger opp smak i ei fiskesuppe
– Korleis du kan utnytte meir av råvara og få mindre matsvinn
– Tips og triks som gjer det enklare å lage meir sjømat heime
Dette er inkludert:
– Alle råvarer
– Praktisk rettleiing gjennom heile kurset
– Oppskrifter og tips til å ta med vidare
– Lån av forkle og alt nødvendig utstyr
– Fiskesuppe og eit godt måltid saman
– Din eigen fileterte fisk til å ta med heim
– Heimelaga fiskekraft til å ta med heim
Vinteren er høgsesong for mykje av den fantastiske sjømaten vi har langs kysten vår, så dette er den perfekte tida for å bli litt tryggare på å bruke han.
Målet er ikkje berre at du skal kunne følge ei oppskrift når du kjem heim. Eg vil at du skal forstå korleis du går frå heil fisk til eit skikkeleg godt måltid, slik at terskelen blir litt lågare neste gong du står framfor fiskedisken.
Kom med matlyst og lærelyst – og gå heim med både kunnskap, fisk og kraft!
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikkje.