Matkurs: "Vegetarisk Funky Koldtbord" - februar
Vi skal lage skikkelig digg vegetarmat - og du skal lære kva som funker!
Bli med på eit kreativt, fargerikt og smakfult vegetarkurs der du lærer å lage eit heilt koldtbord med rundt åtte ulike rettar; noko sprøtt og friskt, og noko mjukt, varmt og krydra.
Dette er ikkje eit vanleg vegetarkurs. Her møter norske sesongråvarer og spiselige ville vekster inspirasjon frå tapas og meze, og DU lærer å bygge vegetarrettar som er
- mettande
- balanserte
- vakre
- og fulle av smak
I tillegg til å lage maten, får du ei enkel og praktisk innføring i korleis du kan bruke protein, fiber, fargar og tekstur til å skape skikkeleg gode rettar, også heime hos deg sjølv!
Vi jobbar mellom anna med grill, omn og røykeomn, og lagar alt frå freshe salatar til varme, saftige rettar.
Kurset passar for alle – både for deg som alleriere lagar ein del vegetarmat, og deg som berre vil bli tryggare og meir kreativ ved bruk av grønnsaker.
Kom åleine eller ta med ein venn:-)
Kurset inkluderar:
Råvarer og oppskrifter
Veiledning og tips frå meg, Anne Lill
Lån av forkle og alt nødvendig utstyr
Felles måltid med alt vi har laga
Restar til å ta med heim – ta gjerne med eigne boksar
Praktisk info:
Dato: Mandag 23. februar
Tid: Kl. 17:00–21:00
Stad: Støvå Pop Up, Rogagaten 26, Bergen
Pris: 1450 kr per person
Maks 8 deltakarar
FAQ
Må eg vere vegetarianar for å delta?
Nei! Dei fleste som kjem er heilt vanlege folk som berre vil bruke meir grønsaker i kvardagen.
Får eg med oppskrifter?
Ja – du får alle oppskriftene på rettane vi lagar.
Blir eg mett?
Ja. Kurset er bygd rundt proteinrike og fiberrike råvarer som gjer at vegetarmat mettar skikkeleg.
Er dette meir kurs eller meir kosekveld?
Begge delar. Du får både lage mykje mat, ete saman – og lære nok til å ta med deg nye ferdigheiter heim.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikkje.